SLIK BLIR DU MEDLEM

Hyllestad IL nyttar no «Min idrett» til å administrere medlemsinformasjon og medlemskontingent/treningsavgifter

Brukarprofil

Alle medlemmar i Hyllestad IL bør opprette eigen profil på «Min idrett».

KLIKK HER eller tast inn minidrett.nif.no.

Klikk på linken "Ny bruker" øvst i høgre hjørne og fyll inn alle opplysningar.

De vil deretter ha høve til å logge på med "Logg inn"- knappen på heimesida.

Når de har logga på vil ein brukarprofil opne seg. Her kan ein sjølv legge inn informasjon.

Me anbefaler at de går til ein link på høgre side "Legg til familie" der ein kan kople på mindreårige barn. Ein kan også kople på ektefelle/sambuar, men ektefelle/sambuar må  godkjenne dette. Når dette er gjort vil du ha tilgang til alle sine brukarprofilar og betalingskrav på di side.

Sjå informasjon om fakturering medlemskontingent og treningsavgifter her