top of page

Fakturering

 

Alle medlemmar i HIL er registrerte i «KlubbAdmin».

Dette er ein database hos Norges Idrettsforbund som samlar all medlemsinformasjon. Dette nyttar vi til rapportering og for å handtere fakturering.Me sender no ut faktura frå denne databasen som de vil få som e-post (evt. brev dersom de ikkje har registrert e-post).

Fakturainformasjonen vil de også finne i dykkar brukarprofil på

«Min idrett».

De kan betale faktura online via «Min idrett» eller med KID via nettbank/bank.

NB! Dersom de betalar faktura via nettbank/bank vil de måtte betale ein faktura for medlemskap og ein faktura for kvar treningsavgift. Dersom de betalar via  «Min idrett» vil de kunne betale alle fakturaene samtidig.

ME ANBEFALAR AT DE BETALAR VIA «MIN IDRETT» 

Familie

Når det gjeld Familiekontingent vil alle registrerte i familien motta varsel om betalingkrav i «Min idrett» (dersom e-postadresser er registrert).

Når ein person betalar kontingenten, vil alle i familien få kontingenten registrert som betalt.

Ta kontakt dersom de lurer på noko.

Viser elles til brukarrettleiing


Support:  minidrett@support.no.

 

Medlemsansvarlege HIL: Unni Systaddal og Kari Virkesdal

Kontaktinfo: leiar@hyllestadil.no

Medlemskontingent:

  • Familie (2 vaksne + barn): 600,-

  • Vaksen (over 18): 350,-

  • Born (under 18): 200,-

Treningsavgifter:

Aldersbestemt:

  • Barneidrett kr. 250,-

  • Miniputt kr. 250,-

  • Andre aktivitetar kr. 350,-

 

Vaksne:

  • Fotball: 1200,-

  • Biljard: 1200,-

  • Bogeskyting: 500,-

  • Herretrim: 500,-

  • Friidrett: 500,-

bottom of page